Skulebesøk på Sunndal vgs

4.oktober besøkte skuleeigar Sunndal vgs for å observere og intervjue iPad-klassene. Oppstarten har gått mykje lettare dette året enn i fjor. Det er utfordringar i forhold til nokre av læremidla både teknisk og med tanke på levering. Dette er krevjande for dei faga det gjeld og noko som skuleeigar kjem til å ta tak i. Det er viktig at læremiddelleverandørane  leverer til rett tid og at det som blir levert faktisk fungerer.

Teikning på brett

Byggfagklassen opplever at teikneprogrammet er problematisk. Dei lagar mange skisser og dette har dei ikkje funne gode løysingar for til no. Vi tilrår å sjekke meir korleis for eksempel  Gjennestad vgs har løyst dette. Også i naturfag vart dette med teikning av forsøk dratt fram som ei utfordring.

 

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Generelt

Fleire av elevane nemnte at dei synest det er uvant å bruke skjermtastaturet, og at dei får fleire skrivefeil.  Ut frå dei erfaringane som er gjort på Gjennestad vgs så kan det sjå ut som om dette er ei vanesak, men det blir viktig å følgje dette gjennom prosjektet. Det er framleis PC-bruk blant elevane, sjølv om prosjektet i år i enda større grad skal omfatte mest muleg bruk av ipad og ikkje bok eller PC.
Som med alle teknologi i klasserommet kan også nettbrettet stjele tid dersom noko ikkje fungerer som det skal.

Elevane opplever det som trøblete å løyse oppgåver berre med brettet.  Vi såg fleire som noterte i kladdebok ved sidan av samtidig som dei fann oppgåvene på brettet. Også det å bla i bøkene blir nemnt som ei utfordring for elevane og at det er liten skjerm. Dei akn verke som elevane har utfordringar med å finne ein struktur som kan samanliknast med boka. Vi snakka med fleire av elevane som enno ikkje hadde lasta ned siste oppdatering iOS 6.0., som ikkje hadde lasta ned dei appane som dei skal ha osv.  Alle viste kvar dei skulle gå dersom dei fekk problem med bretta, og det viser seg at det er få tekniske problem til no. Problema har stort sett vore i tilknytning til apps frå nokre av forlaga.

Elevane nemnte at dei synest det blir mykje skjermtid totalt gjennom dagen, og det er også lett å bli distrahert av utanomfaglege ting på brettet.  Læraren må styre dette.   Fleire av lærarane føler seg usikre på gjennomgang med elevane om sjølve iPaden, og at elevane har så mykje teknologi rundt seg at dette distraherer for læringa.  Diskusjonen om kva elevane har rett på og kva dei kan få lov til å bruke er ein svært sentral diskusjon som skuleleiinga bør legge til rette for.  Slike diskusjonar bør også elevrådet ved skulen involverast i.  For å gjere lærarane meir trygge på det tekniske knytt til brettet  diskuterer dei  korleis skulen ha ein struktur på plass som gjer at ein kan utnytte styrkene til personalet ved skulen på ein god måte. Det er viktig at  lærarane er trygge på det tekniske utstyret slik at dei kan utnytte dei pedagogiske fordelane med det.

Dei aller fleste av dei elevane vi snakka med var positive til brett som erstatning for bok . Dersom ein løyser problematikken knytt til skriving meinte mange at dette fullt ut kunne erstatte ein PC. Dei opplevde at det var greit å lese på brettet og at dei knytte notere og merke av i «boka». Dette har dei ikkje hatt mulegheit til tidlegare. Det var også elevar som meinte at dei hadde nytt godt av overgangen til brett gjennom betre karakterar, brettet motiverte meir for læring. Ein av dei største fordelane som var nemnt var at bøkene no var samla på eitt brett og var alltid med.

Skuleleiinga har satt av fast tid til deling blant dei lærarane som deltek i prosjektet. Dette er ein viktig arena for å dele både positive og negative erfaringar. Gjennom samtalar med elevane kom det fram at delinga mellom dei foregår tilfeldig, og at dei også ønskte seg ein arena for å kunne gi innspel og dele nyttige tips og råd i.

IT-ansvarleg ved skulen har vore på samling med Gjennestad vgs i september og fekk mange nyttige råd og tips der.  Det finst mange skular i Noreg som no innfører og prøver ut nettbrett og det vil vere god utnytting av ressursane om ein kan lære meir av kvarandre. Vi ser fram til at IKT-senteret kjem på banen på dette temaet.

Oppsummering
Ved innføring av brett på skulane er det viktig at:

– Forlaga må levere til rett tid og innhald som fungerer teknisk

– Skulen bør ha arena for deling og læring for lærarane

– Skulen bør ha arena for deling og læring for elevane

–  Skular bør lære av kvarandre

– Det må tydeleggjerast kven som har ansvaret for at elevane har det dei skal ha og har gjort dei oppdateringa som må gjerast

– Klasseleiing er fortsatt svært viktig for å unngå utanomfagleg aktivitet, det er læraren som bestemmer

– Godt samarbeid med it-support, og at det tekniske servar det pedagogiske

Til denne lista høyrer sikkert fleire punkt så det er berre  å kome med tilbakemelding etterkvart.

8 kommentarer

Filed under Uncategorized

8 responses to “Skulebesøk på Sunndal vgs

  1. Anonym

    Ipad er lurt får da for ikke vi elever unnskylning får ikke å ha jort lekser 😛

  2. Markus

    Hadd allerede IPad så de va ikke så nytt for me

  3. Jeg synes ipad, eller «padda» som vi kaller det, er kjempebra. 🙂 mvh bønna

  4. Simon S

    Fint me snapchat i starten, men nå har det kommet snap på android også 🙂 så trenger ikke Ipad nå lenger…

  5. Sindre

    Kult me Ipad!! Slipper bøker 🙂 #tungt

  6. Simon

    Sjempe lurt me Ipad!!! Kansje litt mye tull av og till….

  7. Major

    Jeg synest padda er god men, jeg vill bytte farge til rosa

Legg igjen en kommentar